Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er eitt av to nasjonale teater i Oslo. På tre scenar med fleksibel kapasitet presenterer teatret 12-15 eigenproduksjonar årleg, ymse laurdagsmatinéar og gjestespel frå inn- og utland. Norsk og nordisk dramatikk står sentralt i repertoaret. Opp gjennom historia har teatret hatt eitt breitt samansett repertoar med alt frå folkekomedie og musikkspel, greske klassikarar og fransk gullalderdikting til moderne eksperimentell dramatikk. Det Norske Teatret er eit kulturhus i vid tyding. Her kan publikum møte ensemblet og gjester utanfrå i eit breitt spekter av kulturtilbod. Kvar veke står faste og populære arrangement som Lunsj & Lyrikk, EventyrForteljeTeaterStund, Ord over grind og Suppeteatret på plakaten.
Den regionale festivalen avholdes på Det Åpne Teater fredag 27. - lørdag 29. april 2007
Se oversikt over alle regionale festivaler:
les mer